Sigmund L

Sigmund L

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil. Han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for. Sigmund Løvåsen er leder i Den norske forfatterforening.

Romanen Brakk, som kom i 2006, er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga. Her møter vi igjen hovudpersonen Geir, ti år etter at Nyryddinga slutta. Brakk er mørkare enn forgjengaren. Geir er eldre, faren er død, og garden seld. Geir taklar sorga ved å kjøpe seg eit lite småbruk der han nesten jobbar vettet av seg. Begge desse bøkene er omsette til tysk og gitt ut i Sveits.

I romanen Mamsell Iversen (2009) viser Løvåsen seg frå ei litt anna side som forfattar. Dette er ei frisk folkelivsskildring med handling frå slutten av 1900-talet, der den prostituerte vevarsken mamsell Iversen mistenkjer seg sjølv for å ha drepe Pauline Lindstad. Med bråe skift mellom burlesk humor og gravalvor blir vi kasta inn i bygdas mange historier og møter fleire fargerike karakterar.

Som dramatikar har Løvåsen skrive stykket Daga som blei sett opp på Hedmark Teater i 2004, Vente på fugl for DUS (Den unge scenen) i 2009 og Vid din sida som hadde premiere på Teater Innlandet hausten 2011.

Løvåsen har gått på forfattarstudiet i Bø, Litterär Gestaltning i Göteborg og studert ved Universitetet i Oslo. Han er busett i Svartskog i Oppegård kommune.

Date

09. mai 2018

Tags

Forfattere 2012
Pinterest

Om Litteraturfest Røros

En intim litteraturfestival i unikt miljø. Festivalen har som målsetting å bruke verdenskulturminnet Røros for å fremheve lokale,nasjonale og skandinaviske forfattere

Komme i kontakt

Telefon: 976 63 922

E-post: post@litteraturfest.no

Copyright © 2024 | LITTERATURFEST RØROS/RØROS LITTERATURLAG. Alle rettigheter reservert. | Webutvikling og drift: Ren Røros Digital AS